46887122

+47 468 87 122

post@musikkent.no

Søk

Ser du etter en spesifikk utgivelse?

Våre tjenester

Utgivelser

Utgivelser som er tilgjengelig for streaming.

Noter

Sammen med disse utgivelsene vil du finne noter for nedlastning i fanen «Noter» nederst i produktbeskrivelsen.

Nyheter

Les siste nytt fra Musikkentrepenørene!

Mer fra oss

Følg oss på Facebook

Hold deg oppdatert og kontakt oss via Facebook.

Om oss

Bli kjent med vår historie og vår visjon. Kanskje du vil bli en del av oss?

Kontakt oss

Bruk kontaktskjemaet eller kontakt oss via post, e-post eller telefon.

Julekvad

Rundt juletider tek me fram skikkar, ting og mat med tradisjonar. Gamle skattar skal skine til jul, men gjerne med ein litt moderne tvist! Kva gjer me med songane? Agder har mange songskattar som er knytta opp til jul. Songar som kan hjelpe oss å forstå meir av våre røter og vår identitet, vår tru og våre tradisjonar.

Kristiansand frikirkes Kammerkor har sidan starten i 2004 sunge folketonar, men dei hadde ikkje jobba så grundig med dei lokale tradisjonane. I 2016 gav Ragnhild Furholt ut boka Folkesong i Vest-Agder, og dette var inspirasjonen dirigent Bodil Kvernenes Nørsett trong for å realisera draumen om å gjere tradisjonsstoff frå Agder med kor.

Folkesongen i Noreg vert tradisjonelt stort sett framført av ein person aleine, utan instrument. Med god hjelp frå Sigrid Kjetilsdotter Jore frå Valle i Setesdal har kammerkoret fått lære den tradisjonelle, folkelege syngjemåten. Den er annleis enn den klassiske korsyngjemåten.

Ein vektlegg trykktunge stavingar i staden for å telje taktslag, dreg ut tonar, tek hensyn til tekst på ein annan måte, syng på konsonantar og brukar mikrotonalitet. Også stemmeklangen er annleis. Dette har koret forma og gjort til sitt, men samstundes har me bruka notemateriale, slik kor oftast gjer. Jon Kleveland har på strålande vis laga nye korarrangement ut frå notert musikk og frå melodiar i opptak.

Folkemusikkgruppa Raabygg (Sigrid Kjetilsdotter Jore, Johanne Flottorp, Tuva Færden) har jobba saman med kammerkoret i over tre år med dette prosjektet, og innspelinga er i realiteten ei dokumentering av dette musikalske samarbeidet. Resultatet er eit album som spenner vidt når det kjem til musikalske stiltrekk og uttrykk innanfor folkesongen.

Bruk av noter

Ved fremføring av sangene er det ønskelig at det rapporteres inn til Tono.