(placeholder)

Barnekoret Jubilo er klar med sin femte CD

Kjærlighet er det største!

Plata "Kjærlighet er det største" (2015) har blitt til ut frå eit ynskje om å gje borna

bibelkunnskap gjennom songar, derfor er refrenga på sju av ti songar heilt ordrette

sitat frå Bibelen. Tore Thomassen og Bodil Kvernenes Nørsett har bidratt med både tekst

og melodi og Jon Kleveland har også gitt tonar til ein tekst. Runar Nørsett er koret sin

faste pianist og står for dei fleste av arrangementa, og sidan barnekor fortener kvalitet,

har me i tillegg med eit lag av eminente og lokale musikarar frå Sørlandet: Per Erik Olsen

på bass, Rolf Wam Fjell og Kjell Tore Myre.

    Me slår eit slag for det norske språket, og har berre teke med ein engelsk song på plata.

Den har koret til gjengjeld sunge i mange år: Kids telling Kids about the love of Jesus! Det er det

me gjer, og det er det me vil! Dei norske songane er komponert ut frå inspirasjon frå bibelvers eller forteljingar. Tittelmelodien Kjærlighet er det største er skriven etter inspirasjon frå Jesus som gjer den blinde mannen Bartimeus synet att i forteljinga frå Markus 10.46-52. Det står bibelreferansar bak tittelen til alle songane me har laga.

    Med notehefte og singback er det mogleg å vera til heilt konkret inspirasjon for mange barnekorleiarar som leitar etter ny norsk musikk. Me vonar at mange vil bli med og synge Bibelen sine ord om Guds kjærleik, det største av alt!


Runar Nørsett - piano

Per Erik Olsen - bass

Rolf Wam Fjell - trommer

Kjell Tore Myre - gitar

Bodil Nørsett sammen med noen av sangerne i Jubilo

Dersom du ønsker å laste ned noter fra tidligere Jubilo-produksjoner så klikk her.